Helse Førde logo

Seksjonsleiar, vikariat

LMBB, seksjon FSS, Helse Førde.

Om stillingen:

Søknadsfrist: 19.01.2025

Arbeidsgivar: Helse Førde

Stad: Førde

Stillingstittel: Seksjonsleiar

Stillingar: 1

Heiltid / Deltid: Heiltid

Tilsetjingsform: Vikariat

Stillingsprosent: 100

Startdato: 01.04.2025

Sluttdato: 18.01.2026

Bli med på laget på LMBB – din sjanse til å kombinere fagleg utvikling med spektakulær vestlandsnatur!

Er du bioingeniør og klar for nye utfordringar? Vi har ledig vikariat som seksjonsleiar grunna svangerskapspermisjon. Hos oss på Lab. medisinsk biokjemi og blodbank (LMBB) i Førde, får du moglegheit til å jobbe med moderne analysemetodar i eit dynamisk og sosialt arbeidsmiljø.

🌟 Her får du:

  • Stillinga som seksjonsleiar vil innehalde mykje personal-, rekruttering- og utviklingsarbeid i seksjonen.
  • Tett samarbeid med erfarne kollegar i eit team på ca. 35 dedikerte medarbeidarar (bioingeniørar, helsesekretærar, legar og sjukepleiarar)
  • Arbeide med topp moderne utstyr og automasjon

🌍 Førde – din nye by:

  • Ein sjarmerande by med rikt kulturtilbod, butikkar, restaurantar og arrangementer
  • Fantastisk tilgang til naturen: toppturar, skianlegg, båtliv og fiskemuligheter rett utanfor døra
  • Sentralt plassert mellom Ålesund og Bergen. Oslo er berre ein kort flytur unna.

🎉 Sosialt miljø:

Vi trur på balanse mellom arbeid og fritid! Bli med på buldring, jogging, quiz, kampsport og andre kjekke og sosiale aktivitetar saman med kollegaer.

Er du klar for å ta steget? Ta kontakt for spørsmål om stillinga, og bli ein del av vårt team!

Startdato 01.04.25 eller etter avtale. Vi gledar oss til å bli kjent med deg!

Sjå video for å bli kjent med oss på LMBB

Arbeidsoppgåver

  • Har det daglege driftsansvaret av seksjonen
  • Skal styre og utvikle seksjonen innan fag-, kvalitet - og personalområdet
  • Budsjettansvar og økonomioppfølging
  • Samarbeide med dei andre seksjonsleiarane med planar og målsetningar i avdelinga
  • Seksjonsleiar er stedfortredar for avdelingssjef

Kvalifikasjonar

  • Bioingeniør eller anna relevant utdanning frå høgskule /universitetsnivå
  • Fordel med erfaring frå medisinske laboratorium
  • Erfaring/utdanning innan leiing blir vektlagt
  • God IKT kunnskap
  • Må meistre godt norsk både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Ansvarsfull, nøyaktig og strukturert
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Evne til å motivere medarbeidarar til utvikling og endring
  • Nytenkjande, løysingsorientert og endringsvillig
  • Interesse for kvalitets- og forbetringsarbeid

Vi tilbyr

  • Lønn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Spennande og ansvarfulle oppgåver
  • Eit engasjert og godt arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar
  • Høgt fagleg nivå
  • Opplæring/leiarutvikling

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Nina Merkesdal Hole

Seksjonsleiar

Telefon:57 83 92 87

Telefon:99 36 47 96

Søk på vikariat som seksjonsleiar

Se annonsen på webcruiter.no

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Powered by Labrador CMS