Faste stillingar og ferievikariat i Laboratorieklinikken
Laboratorieklinikken, Helse Bergen HF
Laboratorieklinikken treng fleire dyktige og engasjerte bioingeniørar!
Ønskjer du ein fast heiltidsjobb i eit av Noregs største laboratoriemiljø? Eller er du bioingeniørstudent på jakt etter sommarjobb eller deltidsstilling ved sidan av studia? Då vil vi gjerne høyre frå deg.
Haukeland universitetssjukehus er ein av dei største tilbydarane av laboratorietenester i Noreg. Laboratorieklinikken tilbyr eit breitt spekter av analysar innan ulike fagområde. I tillegg til analytisk verksemd gir laboratoria rettleiing om bruk av analysar og tolking av analysesvar. Bioingeniørar utgjer den største faggruppa i laboratoria, og dei tilsette er vår viktigaste ressurs. Vi arbeider for å knyte til oss dei beste fagfolka og legger til rette for eit godt arbeidsmiljø, fagleg utvikling og høy kvalitet i arbeidet.
Laboratoria i Laboratorieklinikken har behov for bioingeniørar og bioingeniørstudentar både no, sommaren 2027 og vidare utover hausten.
Dette er ei felles utlysing for:
Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF), inkludert:
MBF Glasblokkene
MBF Voss
Mikrobiologisk avdeling (MIA)
Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin (AIT)
Avdeling for patologi (PAT)
Avdeling for medisinsk genetikk (MGM)
Kreftgenomikk (SKG)
Biobank Haukeland (BBH)
Ved MBF, MIA, AIT og delar av PAT inngår turnusarbeid.
Vi håpar du kan tenke deg å arbeide hos oss i Laboratorieklinikken. Dersom du har ønske om å arbeide ved eit bestemt laboratorium, ber vi om at dette blir oppgitt i søknaden.
Arbeidsoppgåver
Alle bioingeniørar/bioingeniørstudentar må vanlegvis delta i blodprøvetaking
Den som blir tilsett må pårekna både analytiske og preanalytiske oppgåver
Kvalifikasjonar
Fordel med relevant erfaring
Må meistre norsk skriftleg og munnleg
Kandidater med norsk autorisasjon som bioingeniør vil bli føretrekte, men annan relevant utdanning kan vere aktuelt
Personlege eigenskapar
Påliteleg og arbeidsam
Kunne arbeide i team
Ha god fagleg vurderingsevne og arbeide strukturert og målretta
Vere sjølvstendig, konstruktiv og fleksibel
Like varierte utfordringar
Serviceinnstilt overfor pasientar og pårørande, og du verdset samarbeid med kollegaer
Vi tilbyr
Høgt fagleg nivå
Spennande arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø
Ein klinikk i utvikling med kollegaer som er opptatt av å lære)
Ein inkluderande arbeidsplass
Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Johanne Lind Aasen, Assisterande leiar, Laboratorieklinikken, Telefon:55973119, E-post:johanne.lind.aasen@helse-bergen.no
Søk på stillingen her
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.