
Fagstilling bioingeniør/ ingeniør. Lab.klinikken/ Avd. for immunologi og transfusjonsmedisin (AIT), Helse Bergen
Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin er ei avdeling i Laboratorieklinikken og har seks kjernedriftsområde. Blodgivartapping, komponentframstilling, immunologi, flowcytometri, immunhematologi og celleterapi. I tillegg kjem forsking, avansert celleterapuetiske produksjon, og blodberedskap. Hovudarbeidsområda er å skaffe blod, laboratorieanalysar, pasientbehandling, forsking og undervising. Avdelinga er akkreditert etter standard NS-EN ISO 15189:2012. Avdelinga søker etter engasjerte og motiverte medarbeidarar som vil trivast i eit spennande arbeidsmiljø med mange ulike oppgåver. Vi legg til rette for at alle tilsette skal trivast og yte sitt beste, dei tilsette er vår viktigaste ressurs.
Ved avdelinga er det no ledig fast fagstilling. Stillinga er knytt opp til Seksjon for celleterapi. Stillinga er ei dagstilling 37,5 timar pr.veke , der ein også må delta i beredskapsvakter på ettermiddag. Ved seksjonen handterer vi hematopoietiske stamceller hausta ved aferese ved seksjonen, eller mottatte frå eksterne donorsenter i Europa og USA. Seksjon for celleterapi er akkreditert av JACIE, - Europas offesielle sertifiseringsorgan innan hematopoietisk celletransplantasjon og cellulær terapi.
I fagstillinga vil ein ha varierte og utfordrande arbeidsoppgåver knytt opp mot kvalitetsarbeidet ved avdelinga.
Arbeidsoppgåver
- Vere ein pådrivar i dagleg drift av seksjonen og for tilhøyrande arbeid
- Bidra til utvikling, vedlikehald og vidareutvikling av prosedyrar
- Kvalitetsarbeid knytt til fagområdet
- Vere aktivt med på å utvikle eigen og seksjonens kompetanse
- Delta i seksjonens rutinearbeid og fagutvikling
- Arbeid i helg og heilagdag ved behov
- Delta i beredskapsordning for mottak av stamcelleprodukt frå eksterne donorsenter
- Blodprøvetaking
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som bioingeniør/ minst bachelor innan cellebiologi, molekylærbiologi eller anna relevant laboratoriefagleg utdanning.
- Svært gode kommunikasjonsferdigheiter i norsk,- både munnlege og skriftlege ferdigheiter er nødvendig
- Erfaring med utforming og oppdatering av prosedyrar, validering av utstyr og prosessar er ønskeleg, og vil bli vektlagd
- Erfaring med kvalitetsarbeid og eller som fagansvarleg blir vektlagd
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagd
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjonsevner, munnleg og skriftleg
- Evne til å jobbe sjølvstendig, målretta og med fleire arbeidsoppgåver samtidig
- Evne til å samarbeide i team og tverrfagleg fora
- Høyt fagleg engasjement og stor arbeidskapasitet
- Samvittighetsfull, strukturert og nøyaktig
- Høg arbeidsmoral, punktlegheit og ansvarsbevisst
- Fleksibel, løysings- og utviklingsorientert
- Opptatt av medarbeidarskap og kommunikasjon for å bygge gode relasjonar, og bidra til godt og inkluderande arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Eit aktivt og triveleg miljø
- Høgt fagleg nivå
- Eit engasjert og godt arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Ingvill Marie Christensen Curran, seksjonsleiar
Telefon: 975 23 850
E-post: ichr@ihelse.net
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.