Fagbioingeniør

LMBB seksjon Lærdal, Helse Førde

Om stillingen

Søknadsfrist: 20.01.2026

Arbeidsgiver: Helse Førde

 Sted: Lærdal

Stillingstittel: Fagbioingeniør

Stillinger: 1

Heltid /Deltid: Heltid 

Ansettelsesform: Fast, 

Stillingsprosent: 100

Laboratorium for medisinsk biokjemi og blodbank (LMBB) ved Lærdal sjukehus har ledig 100% fast stilling som fagbioingeniør med fagområde hematologi, koagulasjon og urinar. Stillinga ledig frå 01.04.2026, med moglegheit for oppstart etter nærare avtale. 

Fagbioingniør har ansvar for drift, vedlikehald, kvalitetssystem og prosedyrer for analyseinstrumenta Sysmex, StarMax, og andre mindre instrument i fagfeltet. Fagbioingeniør rapporterar fagleg til overbioingeniør. Seksjonsleiar er næraste administrative overordna. Stillinga deltek i vaktturnus. Det blir gjeve grundig opplæring i alle fagfelt som inngår i vaktberedskap før ein går inn i turnus. Turnusen vår gir gode moglegheiter for lange frihelgar om det er ønskjeleg og det er arbeid omlag kvar 4.helg. 

Laboratoriet har tett fagleg samarbeid med dei andre laboratoria i Helse Førde (Førde sentralsjukehus og Nordfjord sjukehus). Vi legg stor vekt på fagleg oppdatering og deltek mellom anna på alle fagleg retta brukarkurs. Vi har fagmøter på tvers i helseforetaket. Vi har eit godt arbeidsmiljø med variert arbeid. Her får ein meiningsfulle dagar tett på pasientar og andre yrkesgrupper på sjukehuset.

Lærdal sjukehus er lokalsjukehus for Indre Sogn. Lærdal ligg inst ved vakre Sognefjorden med god kommunikasjon til Oslo (4,5 time) og Bergen (3 timar). Her er typisk vestlandsnatur med flott turterreng sommar som vinter. Kommunen har eit aktivt kulturliv med mellom anna kor og korps, festivalar, idrettslag, treningsstudio, kafear og kino.

Kom til vakre Lærdal og Lærdal sjukehus! 

Arbeidsoppgåver

  • Laboratoriearbeid etter godkjende prosedyrer
  • Vedlikehald og oppfølging av analyseutstyr
  • Opplæring 
  • Deltaking i prosedyreskriving 
  • Halde seg oppdatert i faget

Kvalifikasjonar

  • Bachelor i bioingeniørfag. Norsk godkjenning
  • Gode IT-kunnskapar
  • Gode kunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg
  • Det er fordel med erfaring innanfor dei nemde fagfelta

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner, men også evne til å arbeide sjølvstendig
  • Fagleg engasjement 
  • Initiativrik 

Vi tilbyr

  • Løn etter overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Variert arbeid og godt fagmiljø
  • Godt arbeidsmiljø
  • Husvære 

 

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Kari Grøttebø, Seksjonsleiar ,Telefon:(+47) 576 40 020,Telefon:(+47) 976 59 155

Søk på stillingen her

Powered by Labrador CMS