Fagbioingeniør med fagområde klinisk kjemi

LMBB seksjon Lærdal, Helse Førde

Om stillingen

Søknadsfrist: 20.08.2026

Arbeidsgivar: Helse Førde

Stillingstittel: Fagbioingeniør

Stillingar: 1

Heiltid / Deltid: Heiltid

Tilsetjingsform: Fast

Stillingsprosent: 100

Laboratorium for medisinsk biokjemi og blodbank (LMBB) ved Lærdal sjukehus har ledig 100 % fast stilling som fagbioingeniør innan fagområdet klinisk kjemi. Oppstart etter avtale.

Fagbioingniør har ansvar for drift, vedlikehald, og kvalitetssystem for analyseinstrumenta Alinity, ABL90, og andre mindre instrument i  fagfeltet. Stillinga rapporterer fagleg til overbioingeniør, medan seksjonsleiar er administrativ overordna. Vi legg stor vekt på fagleg oppdatering og deltek mellom anna på alle fagleg retta brukarkurs. Laboratoriet har eit tett fagleg samarbeid med dei andre laboratoria i Helse Førde (Førde sentralsjukehus og Nordfjord sjukehus). 

Stillinga inngår i vaktturnus med aleinevakter på kveld/natt, helg. Ved tilsetjing blir det gjeve grundig opplæring innan alle fagfelt. Laboratoriet har døgnvakt med kompensasjon 1:1 og arbeid om lag kvar fjerde helg. Det er mogleg å tilpasse turnus ved å samle fridagar til samanhengande friperiode. Vi planlegg turnus for eit halvt år om gongen. 

Dersom intern omrokering, kan det bli ledig bioingeniør grunnstilling. Oppgje i søknaden kva du søkjer på.

Det blir gjeve støtte til bustad på kr 75 000.- . Dette utløyser bindingstid på 1 år. 
Løn etter avtale.
Lærdal kommune ligg i området for årleg nedskriving av studielån à kr 25 000,-.

Velkomen til Lærdal og Indre Sogn!
Lærdal sjukehus er lokalsjukehus for indre Sogn i Vestland fylke. Lærdal ligg plassert i skjæringspunktet mellom aust og vest og har god kommunikasjon til Oslo (4,5 timar) og Bergen (3 timar). Å flytte til ein plass som Lærdal er ikkje mindre enn eit eventyr, med fjella, elva, fjorden og eit pittoresk landsbymiljø. Her er typisk vestlandsnatur med flott turterreng sommar som vinter. Vinterstid finn ein preparerte skiløyper og alpinanlegg på Filefjell. Sjukehuset har personalhytte på Filefjell. Hemsedal ligg ein times køyring unna om ein ønskjer andre utfordringar, og studiestaden Sogndal med velkjent aktivt ski-/friluftsmiljø er i grei pendleavstand. Det same gjeld dei andre nabokommunane Årdal, Aurland og Luster som alle har unike naturområde og fritidstilbod. Sommarstid er det flotte forhold for aktivitetar rundt Sognefjorden med båtliv, kano/kajakk, og bading med sauna som ligg i vasskanten.

Lærdal har varierte kulturelle tilbod som kor, korps, kino, aktivt turlag, idrettslag, treningsstudio og kafèar. Sommarstid blir det arrangert fleire festivalar både i Lærdal og i nærområdet. Lærdal har Jordeplerock og "Kom-heim festival", Årdal har Målrock og Sogndal har Fjørarock, for å nemne noko. 

Sjå videoen om det gode livet i Lærdal. Dette er Lærdal - This is Lærdal.

Arbeidsoppgåver

  • Laboratoriearbeid etter godkjende prosedyrer

  • Vedlikehald og oppfølging av analyseutstyr

  • Opplæring

  • Deltaking i prosedyreskriving

  • Halde seg oppdatert i faget

Fagbioingeniør rapporterar fagleg til overbioingeniør innanfor det same fagfeltet. 

Kvalifikasjonar

  • Bachelor i bioingeiørfag. Norsk godkjenning

  • Gode IT-kunnskapar

  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg

  • Det er fordel med erfaring innanfor det aktuelle fagfeltet

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner, men også evne til å arbeide sjølvstendig

  • Gode språklege kunnskapar, både munnleg og skriftleg

  • Fagleg engagement

  • Initiativrik 

Vi tilbyr

  • Løn etter avtale

  • Husvære. Lærdal sjukehus har flotte nyoppussa  leilegheiter å tilby. Bustønad à 75 000.- med bindingstid 1 år

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

  • Variert arbeid og godt fagmiljø

  • Godt arbeidsmiljø

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Kari Grøttebø, Seksjonsleiar, Telefon:+47 57640020-97659155

Søk på stillingen her


Om arbeidsgiver

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.


Powered by Labrador CMS