Fagbioingeniør med fagområde hematologi, koagulasjon og urinar
LMBB seksjon Lærdal, Helse Førde
Laboratorium for medisinsk biokjemi og blodbank (LMBB) ved Lærdal sjukehus har ledig 100 % fast stilling som fagbioingeniør, med ansvar innan fagområda hematologi, koagulasjon og urinar. Oppstart er 15.06.2026 eller etter avtale.
Fagbioingniør har ansvar for drift, vedlikehald, kvalitetssystem for analyseinstrumenta Sysmex, StarMax, og andre mindre instrument i fagfeltet. Stillinga rapporterar fagleg til overbioingeniør, medan seksjonsleiar er administrativ overordna. Vi legg stor vekt på fagleg oppdatering og deltek mellom anna på alle fagleg retta brukarkurs. Laboratoriet har eit tett fagleg samarbeid med dei andre laboratoria i Helse Førde (Førde sentralsjukehus og Nordfjord sjukehus). Stillinga inngår i vaktturnus med aleinevakter på kveld/natt, helg. Ved tilsetjing blir det gjeve grundig opplæring innan alle fagfelt. Laboratoriet har døgnvakt med kompensasjon 1:1 og arbeid om lag kvar fjerde helg. Det er mogleg å tilpasse turnus ved å samle fridagar til samanhengande friperiode. Vi planlegg turnus for eit halvt år om gongen.
Velkomen til Lærdal og Indre Sogn!
Lærdal sjukehus er lokalsjukehus for indre Sogn i Vestland Fylke. Lærdal ligg plassert i skjæringspunktet mellom aust og vest og har god kommunikasjon til Oslo (4,5 time) og Bergen (3 timar). Å flytte til ein plass som Lærdal er ikkje mindre enn eit eventyr, med fjella, elva, fjorden og eit pitoresk landsbymiljø. Her er typisk vestlandsnatur med flott turterreng sommar som vinter. Vinterstid finn ein preparerte skiløyper og alpinanlegg på Filefjell. Sjukehuset har personalhytte på Filefjell. Hemsedal ligg ein times køyring unna om ein ønskjer andre utfordringar, og studiestaden Sogndal med velkjent aktivt ski/friluftsmiljø er i grei pendleavstand. Det same gjeld dei andre nabokommunane Årdal, Aurland og Luster som alle har unike naturområder og fritidstilbod. Sommarstid er det flotte forhold for aktivitetar rundt Sognefjorden med båtliv, kano/kajakk, og bading med sauna som ligg i vannkanten.
Lærdal har varierte kulturelle tilbod som kor, korps, kino, aktivt turlag, idrettslag, treningsstudio og kafèar. Sommarstid blir det arrangert fleire festivalar både i Lærdal og i nærområdet. Lærdal har Jordeplerock og "Kom-heim festival", Årdal har Målrock, Sogndal har Fjørarock for å nemne noko.
I Lærdal kan du finne ein kombinasjonen av jobb og landsbyliv, og om du har familie vil nok kvardagane lettare «gå opp» samanlikna med større byar. Vi tilbyr nyoppussa leilegheiter til utleige.
Lærdal kommune ligg i området for årleg nedskriving av studielån à 25 000 kr
Sjå videoen om det gode livet i Lærdal. Dette er Lærdal - This is Lærdal.
Arbeidsoppgåver
- Laboratoriearbeid etter godkjende prosedyrer
- Vedlikehald og oppfølging av analyseutstyr
- Opplæring
- Deltaking i prosedyreskriving
- Halde seg oppdatert i faget
Fagbioingeniør rapporterar fagleg til overbioingeniør innanfor det same fagfeltet.
Kvalifikasjonar
- Bachelor i bioingeiørfag. Norsk godkjenning
- Gode IT-kunnskapar
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
- Det er fordel med erfaring innanfor det aktuelle fagfeltet
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner, men også evne til å arbeide sjølvstendig
- Gode språklege kunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Fagleg engagement
- Initiativrik
Vi tilbyr
- Løn etter overeinskomst
- Husvære. Lærdal sjukehus har flotte nyoppussa leilegheiter å tilby
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Variert arbeid og godt fagmiljø
- Godt arbeidsmiljø
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Kari Grøttebø, Seksjonsleiar, Telefon:(+47) 576 40 020, Telefon:(+47) 976 59 155