
Fagbioingeniør - Blodbank, Medisinsk biokjemi og blodbank Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Ønskjer du ei fagleg utfordrande stilling der du får ansvar for eit kritisk viktig område innan helsetenesta? No har du sjansen til å bli fagbioingeniør ved blodbanken i Ålesund!
Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank inngår i Klinikk for diagnostikk og har seksjonar ved alle dei fire sjukehusa i føretaket. I Ålesund er vi ein akkreditert seksjon med over 55 stillingar og om lag 66 tilsette. Vi jobbar innanfor eit breitt spekter av spesialområde, inkludert hematologi, koagulasjon, automasjon med klinisk kjemi og immunkjemi, protein/allergi og transfusjonsmedisin.
Blodbanken er ein sentral del av seksjonen og spelar ei avgjerande rolle i behandlinga av pasientar. Vi sørgjer for trygg og effektiv blodforsyning gjennom nøye screening av blodgivarar, tapping og produksjon av blodprodukt, immunhematologiske analyser og pretransfusjonstesting. Som fagbioingeniør får du ei nøkkelrolle i å sikre kvalitet og utvikling innan dette kritiske fagområdet.
Då vår erfarne fagbioingeniør går av med pensjon, søkjer vi no ein dyktig etterfølgjar i ei 100 % fast stilling. Dette er ein unik moglegheit til å kombinere fagleg leiing med operativt laboratoriearbeid i eit sterkt fagmiljø.
Vi ber om at attestar og vitnemål scannes og lastas opp som vedlegg til din CV/søknad.
Arbeidsoppgåver
- Fagansvar for den daglege drifta ved blodbanken, inkludert:
-Godkjenning og utveljing av blodgivarar
-Tapping av blodgivarar
-Produksjon av blodprodukt
-Immunhematologiske analyser av prøver frå blodgivarar og pasientar
-Pretransfusjonstesting og utlevering av blod til transfusjon
- Opplæring og oppdatering av tilsette, samt rettleiing av studentar
- Samarbeid med leiinga og medisinsk-fagleg rådgivar om utvikling og val av metodar og utstyr
- Kvalitetssikring, kvalitetsforbetring og kvalitetsutvikling, inkludert arbeid med prosedyrar, kvalitetskontrollar og avvikshandtering
- Innkjøp av reagens og rekvisita
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø i seksjonen og eit tett samarbeid med dei andre blodbankane i avdelinga
- Delta i det daglege arbeidet ved seksjonen
For meir informasjon om stillinga og arbeidsoppgåvene, ta kontakt med seksjonsleiar.
Kvalifikasjonar
- Bioingeniør med norsk autorisasjon.
- Solid fagleg kunnskap og erfaring frå blodbankarbeid
- Vidareutdanning innan relevant fagområde er ein fordel
- God IT-kompetanse
- Erfaring frå eit akkreditert laboratorium er ønskjeleg
Personlege eigenskapar
- Høg arbeidskapasitet
- Gode samarbeids- og formidlingsevner
- Ansvarsbevisst, strukturert og engasjert
- Evne til omstilling og vilje til fagleg utvikling
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagde
Vi tilbyr
- Eit spennande og hektisk arbeidsmiljø med dyktige medarbeidarar
- Ansvar for eit fagområde i stadig utvikling
- Godt fagleg samarbeid internt i Helse Møre og Romsdal, regionalt og med relevante fagmiljø i sjukehuset
- Løn etter gjeldande overeinskomst
- Medlemskap i ei god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Marie Nora Roald, seksjonsleiar
Telefon:+47 415 70 968
E-post: marie.nora.roald@helse-mr.no
Søk på stillinga
Sjå annonsen på webcruiter
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal.