Bioingeniør
Patologisk laboratorium, Helse Førde
Vil du vere med å bidra til framtidas kreftdiagnostikk?
Avdeling for patologi ved Helse Førde søkjer ein engasjert bioingeniør som vil bidra til presis diagnostikk for våre pasientar – og bli ein del av eit fagmiljø i spennande utvikling. Vi har ledig 100% fast stilling som bioingeniør frå 02.03.2026. Oppstart etter avtale.
Vi oppfordrar 3. års bioingeniørstudentar til å søkje.
Kvifor velje oss?
- Varierte arbeidsoppgåver
– vi jobbar med histologi, immunhistokjemi, cytologi, molekylærbiologi og obduksjon.
- Fagleg utvikling – digitalisering og persontilpassa medisin er ein del av vår kvardag.
- Arbeidstid kvardag med fleksitid og fri helg og helligdager.
- Tett samarbeid
– vi er ei lita, samansveisa avdeling med om lag 25 medarbeidarar.
- Kontinuerleg forbetring
– vi jobbar mot akkreditering og høg kvalitet i alt vi gjer.
Om jobben
Ein patologisk diagnose gir grunnlaget for rett behandling. Hos oss blir du ein viktig del av kjeda som sikrar at pasientane får best mogleg hjelp. Vi mottek prøvar frå både sjukehus og primærhelsetenesta, og jobbar med moderne teknologi og metodar.
Om Førde og miljøet vårt
Førde er hjartet av Vestlandet – omgitt av fjord, fjell og kyst.
Her finn du:
- Fantastiske friluftsmoglegheiter
– toppturar, båtliv og ski.
- Eit rikt kulturliv
– konsertar, kunst og gode matopplevingar.
- Eit sosialt arbeidsmiljø
– vi arrangerer lunsjar, middagar og har kollegaer som driv med alt frå klatring og løping til kor og strikking.
Vil du bli med oss?
Søk no og bli ein del av eit fagmiljø som kombinerer høg kompetanse med godt kollegialt fellesskap.
Arbeidsoppgåver
- Delta i dagleg drift ved patologilaboratoriet; preanalytisk- og analytisk arbeid med diagnostiske prøver
- Variert arbeid som eksempelvis arbeid med makrobeskjæring, fargeteknikkar på celler og vev, betjene instrumentpark
- Delta i kvalitetssikringsarbeid
- Vere aktivt med på utvikling av eigen og avdelinga sin kompetanse
Kvalifikasjonar
- Autorisert bioingeniør
- Relevant praksis/arbeidserfaring frå patologilaboratorie/medisinsk lab tel positivt
- Må beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg
- Grunnleggande IT-kunnskapar
Personlege eigenskapar
- Du er ansvars- og kvalitetsbevisst
- Du trivast i eit aktivt laboratoriemiljø
- Du er positiv og omgjengeleg
- Du har gode evner til samarbeid og kommunikasjon med ulike yrkesgrupper
- Du er ein bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Spanande jobb i eit triveleg arbeidsmiljø
- Opplæringsplan for nytilsette
- Fagleg utvikling
- Dagtid med fleksitidsordning, kjernetid kl. 08.30-15.00.
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons - og forsikringsordningar
- Leiing med fokus på psykososial tryggleik
- Bistand til å skaffe bustad- opplys i søknaden dersom det er ønskjeleg
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Tonje Bøyum Riste, Avdelingssjef Telefon:(+47) 918 06 787