Bioingeniør

Patologisk laboratorium, Helse Førde

Om stillingen

Søknadsfrist: 31.12.2025

 Arbeidsgiver: Helse Førde

Sted: Førde

Stillingstittel: Bioingeniør

Heltid / Deltid: Heltid 

Ansettelsesform: Vikariat

Stillingsprosent: 100

Er du vår nye bioingeniør med engasjement for patologi?

Vi har ledig to vikariat og ser etter deg som ønskjer å lære spennande oppgåver og vere ein viktig bidragsytar til presis diagnostikk for våre pasientar.

Sjå litt frå vår kvardag: Blimedoss

Her arbeider vi tett saman om diagnostikk på vev- og celleprøvar. Ein diagnose frå patolog fortel om pasienten har kreft eller andre sjukdommar - og gir eit godt grunnlag for best mogleg behandling. Vi mottek prøvar frå pasientar i dei kliniske avdelingane ved sjukehusa og frå primærhelsetenesta. Med digitalisering og persontilpassa medisin som ein del av vår kvardag, er utviklinga i faget rask og spanande. 

Avdeling for patologi i Helse Førde har kring 25 medarbeidarar som arbeider i lag for å sikre diagnostiske funksjonar innan histologi, immunhistokjemi, generell cytologi, molekylærbiologi og autopsi. Vi jobbar også mot å bli eit akkreditert laboratorium og har kontinuerleg forbetring i fokus. Sidan vi er ein liten avdeling, har vi gode moglegheitar for rullering på lab, slik at kvardagene er varierte og at tilsette får brei kunnskap innan fagfeltet vi jobbar med. 

Førde sentralsjukehus er eit middels stort sjukehus med kliniske avdelingar for indremedisin, kirurgi, ortopedi, nevrologi, kreft, barn og ungdom, kvinneklinikk, øyre-nase-hals, intensiv og psykiatri.

Førde ligg sentralt i tidlegare Sogn og Fjordane, med god tilgang til flott vestlandsnatur. Her er gode moglegheiter for topptur både sommar og vinter, samt kort veg til kyst og båtliv. Førde er eit handelssentrum med eit rikt kulturelt tilbod som strekker seg frå kunst til konsertar.

På avdeling for patologi i Førde har vi eit sosialt og fint miljø, og vi er opptekne av trivsel både på jobb og fritida. Fleire hjå oss er aktive innan ulike aktiviteter slik som klatring/buldring, orientering, kampsport, strikking, løping, kor- og fleire andre sosiale aktiviteter. Vi sørger og for regelmessige lunsjarrangementer og felles middag ute i Førde. 

Arbeidsoppgåver

  • Delta i dagleg drift ved patologilaboratoriet; preanalytisk- og analytisk arbeid med diagnostiske prøver
  • Variert arbeid som inkluderer arbeid med fargeteknikkar, betjene instrumentpark og delta i kvalitetssikring
  • Dagtidsarbeid måndag - fredag.

Kvalifikasjonar

  • Autorisert bioingeniør
  • Annan relevant utdanning kan vurderast
  • Relevant praksis/arbeidserfaring frå patologilaboratorie/medisinsk lab tel positivt
  • Må beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg
  • Grunnleggande IT-kunnskapar 

Personlege eigenskapar

  • Du er ansvars- og kvalitetsbevisst
  • Du trivast i eit aktivt laboratoriemiljø
  • Du er positiv og omgjengeleg
  • Du har gode evner til samarbeid og kommunikasjon med ulike yrkesgrupper
  • Du er ein bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Spanande jobb i eit triveleg arbeidsmiljø 
  • Opplæringsplan for nytilsette
  • Fagleg utvikling
  • Fleksitidsordning med kjernetid kl. 08.30-15.00.
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons - og forsikringsordningar
  • Leiing med fokus på psykososial tryggleik 
  • Bistand til å skaffe bustad - opplys i søknaden dersom det er ønskjeleg

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Tonje Bøyum Riste, Avdelingssjef,  Telefon:(+47) 918 06 787

Søk på stillingen her

Powered by Labrador CMS