Bioingeniør

Søknadsfrist: 29.10.2025

Om stillingen

Søknadsfrist: 29.10.2025 

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF 

Stad: Ålesund 

Stillingstittel: Bioingeniør 

Stillingar: 2 

Heiltid / Deltid: Heiltid 

Tilsetjingsform: Vikariat 

Stillingsprosent: 100

Om stillinga

Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank er den største avdelinga i Klinikk for diagnostikk, med seksjonar ved alle dei tre sjukehusa i føretaket. Medisinsk biokjemi og blodbank Ålesund har 55 stillingar og om lag 66 tilsette.

Seksjonen består av fagområda hematologi og koagulasjon, service med preanalyse, PNA og urinanalyser, automasjon med pre/post-analyse, klinisk kjemi og immunkjemi, protein/allergi og blodbank/transfusjonsmedisin.

Vi har ledig to 100 % vikariat som bioingeniør i tredelt vaktturnus frå 01.11.2025 eller etter avtale.

Vi ber om at attestar og vitnemål blir scanna og lasta opp som vedlegg CV/søknad.

Arbeidsoppgåver

  • Delta i laboratoriet sine daglege arbeidsoppgåver, inkludert blodprøvetaking og analysering av blodprøver
  • Delta i laboratoriet sin vaktturnus
  • Medverke til å oppfylle føretaket sine overordna målsettingar med fokus på kvalitetssikring, kvalitetsforbetring og kvalitetsutvikling

Kvalifikasjonar

  • Bioingeniør med norsk autorisasjon
  • Erfaring frå medisinsk biokjemi og/eller blodbank, inkludert blodprøvetaking, er ein fordel 

Personlege eigenskapar

  • Ansvarsbevisst, nøyaktig og strukturert
  • Interesse for pasientkontakt og blodprøvetaking
  • Evne til å kunne omstille seg
  • Interesse for kompetanseheving
  • Kunne arbeide sjølvstendig og i team
  • Engasjert, initiativrik og villig til å stå på i eit spennande og hektisk miljø

Vi tilbyr

  • Interessante og varierte arbeidsoppgåver
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Marie Nora Roald, Seksjonsleiar, 415 70 968marie.nora.roald@helse-mr.no

Søk på stillingen her

Om arbeidsgivaren

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå 

Helse Møre og Romsdal

 

Powered by Labrador CMS