Bioingeniør - fast stilling
LMBB seksjon Lærdal, Helse Førde
Laboratorium for medisinsk biokjemi og blodbank ved Lærdal sjukehus søkjer bioingeniør i 100% fast vaktgåande stilling. Oppstart frå 15. 06.2026 eller etter avtale.
Vi søkjer deg som ønskjer fagleg interessante og varierte arbeidsoppgåver innan medisinsk bioikjemi og transfusjonsmedisin. Dette er ei spennande stilling med rullering i fagfelta hematologi, koagulasjon, klinisk kjemi, PNA og transfusjonsmedisin samt tapping av blodgjevarar. Ein får nytte stor breidde av utdanninga og det er gode utviklingsmoglegheier. Instrumentparken er mellom anna Sysmex XN1000 og 450, Alinity frå Abbott, StarMax og ABL frå Triolab. Me har eit godt fagleg miljø med tett samarbeid med dei andre laboratoria i Helse Førde HF.
Stillinga inngår i vaktturnus med aleinevakter kveld/natt og helg. Laboratoriet har døgnvakt med kompensasjon 1:1 og arbeid om lag kvar fjerde helg. Det er mogeleg å tilpasse turnus ved å samle fridagar til samanhengande friperiode. Vi planlegg turnus for eit halvt år om gongen. Det blir gitt grundig opplæring i alle fagfølt før ein startar i turnus.
Velkomen til Lærdal og Indre Sogn!
Lærdal sjukehus er lokalsjukehus for indre Sogn i Vestland Fylke. Lærdal ligg plassert i skjæringspunktet mellom aust og vest og har god kommunikasjon til Oslo (4,5 time) og Bergen (3 timar). Å flytte til ein plass som Lærdal er ikkje mindre enn eit eventyr, med fjella, elva, fjorden og eit pitoresk landsbymiljø. Her er typisk vestlandsnatur med flott turterreng sommar som vinter. Vinterstid finn ein preparerte skiløyper og alpinanlegg på Filefjell. Sjukehuset har personalhytte på Filefjell. Hemsedal ligg ein times køyring unna om ein ønskjer andre utfordringar, og studiestaden Sogndal med velkjent aktivt ski/friluftsmiljø er i grei pendleavstand. Det same gjeld dei andre nabokommunane Årdal, Aurland og Luster som alle har unike naturområder og fritidstilbod. Sommarstid er det flotte forhold for aktivitetar rundt Sognefjorden med båtliv, kano/kajakk, og bading med sauna som ligg i vannkanten.
Lærdal har varierte kulturelle tilbod som kor, korps, kino, aktivt turlag, idrettslag, treningsstudio og kafèar. Sommarstid blir det arrangert fleire festivalar både i Lærdal og i nærområdet. Lærdal har Jordeplerock og "Kom-heim festival", Årdal har Målrock, Sogndal har Fjørarock for å nemne noko.
I Lærdal kan du finne ein kombinasjonen av jobb og landsbyliv, og om du har familie vil nok kvardagane lettare «gå opp» samanlikna med større byar. Vi tilbyr nyoppussa leilegheiter til utleige.
Lærdal kommune ligg i området for årleg nedskriving av studielån à kr 25 000,-.
Sjå videoen om det gode livet i Lærdal. Dette er Lærdal - This is Lærdal.
Arbeidsoppgåver
Laboratoriearbeid etter godkjente prosedyrarRullering innanfor klinisk-kjemi, hematologi, koagulasjon, urinar, pasientnært utstyr, transfusjonsmedisin, blodprøvetaking.Turnus, med arbeid kvar fjerde helg
Kvalifikasjonar
- Bachelor i bioingeniørfag. Norsk godkjenning.
- Gode IT-kunnskapar
- Gode kunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner, men også evne til å arbeide sjølvstendig
- Fagleg engasjement
- Initiativrik
Vi tilbyr
- Løn etter overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Variert arbeid og godt fagmiljø
- Godt arbeidsmiljø
- Husvære
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Kari Grøttebø, Seksjonsleiar, Telefon:(+47) 576 40 020, Telefon:(+47) 976 59 155