Helse Møre og Romsdal logo

Avdelingssjef, medisinsk biokjemi og blodbank, Helse Møre og Romsdal HF

Om stillinga

Søknadsfrist: 31.07.2025

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Stillingstittel: Avdelingssjef, medisinsk biokjemi og blodbank, Helse Møre og Romsdal HF

Stillingar: 1

Heiltid / Deltid: Heiltid

Tilsetjingsform: Fast

Stillingsprosent: 100

Webcruiter-ID: 4954082797

Er du ein drivande leiar med interesse for teknologi, innovasjon og utvikling? Vil du vere med på å forme framtidas diagnostikk i eit sterkt fagmiljø? Då kan dette vere stillinga for deg!

Vi søkjer ein engasjert og framtidsretta avdelingssjef som ønskjer å bidra til ei viktig samfunnsoppgåve – sikre diagnostikk og behandling på eit høgt nasjonalt nivå. Du vil leie eit dedikert fagmiljø med bioingeniørar, legar og anna helsepersonell som jobbar på tvers av Volda, Ålesund og SNR (Kristiansund og Hjelset). Som del av klinikken sitt leiarteam får du ein sentral rolle i å utvikle både tilsette, tenester og teknologiske løysingar.

Dette er ei unik moglegheit for deg som vil kombinere menneskeleg leiing med fagleg og teknologisk utvikling i eit miljø prega av samarbeid, nytenking og høg kompetanse. I tillegg til å være glad i menneske, er du interessert i innovasjon, automasjon, forsking, kunstig intelligens og samarbeid.

Om stillinga

Avdelingssjef har overordna ansvar for avdelinga si verksemd, inkludert personalleiing, fagutvikling, økonomi og drift. Du vil samarbeide tett med andre avdelingar i klinikken, både internt i føretaket og med eksterne aktørar. Leiarteamet med avdelingssjef i spissen skal saman sørge for at medisinsk biokjemi og blodbank bidrar til diagnostikk av høg kvalitet og gode rammer for tilsette. Avdelingssjef er leiar og ansvarleg for blodbankane i Møre og Romsdal og må kjenne til forskrifta “Forskrift om tapping, testing, prosessering, oppbevaring, distribusjon og utlevering av humant blod og blodkomponenter og behandling av helseopplysningar i blodgiverregistre”. Avdelingssjef er i klinikkens leiarteam.

Om avdelinga

Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank har tre seksjonar fordelt på fire lokasjonar: SNR (Kristiansund og Hjelset), Ålesund og Volda. Avdelinga har over 125 heimlar og eit budsjett på om lag 195 millionar kroner. I tillegg har avdelingssjef ansvar for Noklus (2,5 heimlar).

Klinikk for diagnostikk består av fem avdelingar og har ein tverrgåande struktur med einingar på alle sjukehusa i fylket. Nytt akuttsjukehus opnar på Hjelset i april 2025.

Oppstartsdato: Medio november/etter avtale. Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.

Arbeidsoppgåver

  • Overordna leiaransvar for avdelinga, inkludert personalleiing, fagleg utvikling, økonomi, HMS og dagleg drift
  • Rekruttering og utvikling av personell
  • Aktiv deltaking i klinikken si leiargruppe
  • Sikre god samhandling mellom sjukehusa i fylket, samt med primærhelsetenesta og eksterne samarbeidspartnarar
  • Bidra til realisering av klinikken og helseføretaket sine mål
  • Andre oppgåver delegert frå og definert av klinikksjef
  • Reiseverksemd må påreknast mellom einingane og til andre sjukehus i fylket i samband med møteverksemd

Kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning innan medisin eller laboratoriefag
  • Minst to års relevant praksis etter fullført utdanning
  • Leiarerfaring, leiarutdanning og leiarkompetanse. Dersom du ikkje har formell leiarkompetanse ønskjer vi at du tar det innan tre år etter oppstart.
  • Kompetanse og interesse for endringsleiing, strategi, innovasjon og organisasjonsutvikling
  • Erfaring frå spesialisthelsetenesta er ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Tydeleg og motiverande, både på individ- og gruppenivå
  • Interesse for både menneske og teknologi
  • Evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
  • Strukturert, løysingsorientert og framtidsretta
  • Gode samarbeidsevner og relasjonskompetanse
  • Høg arbeidskapasitet og omstillingsevne
  • God kommunikasjonsevne og evne til å leie gjennom andre
  • Personlege eigenskapar og leiareigenskapar vil bli sterkt vektlagt.

Vi tilbyr

  • Eit sterkt og kompetent fagmiljø
  • Moglegheit til å påverke fagleg og teknologisk utvikling
  • Tverrfagleg samarbeid og rom for leiarskap
  • Løn og vilkår i samsvar med gjeldande overeinskomstar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Arbeid i eit føretak med høg fagleg standard og sterke verdiar

Møre og Romsdal

Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Sunnmøre og Nordmøre og Romsdal.

Kontaktinformasjon

Per Erik Tødenes

Klinikksjef

Telefon:+47 70 10 50 00

E-post: per.erik.todenes@helse-mr.no

Søk på stillinga

Sjå annonsen på webcruiter

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal.

Powered by Labrador CMS